Noreg i dans og spel: 13. Telemark

  Рет қаралды 1,047

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Жыл бұрын

13. Telemark
Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994.
Olav Sem og Mari Sem dansar springar. Knut Myrann spelar hardingfele. Slått: Springar etter Ola Kolsrud.
Om dansen
Springartakta i Telemark er asymmetrisk, med tredje taktslaget som det stuttaste. Det same gjeld for Agder, Vestfold, Numedal. Springaren i Telemark har i dei fleste stader to sviktar i takta, med ein svikt på 1. taktslaget og så ein svikt over 2. og 3. taktslaget. Eit anna særkjenne som vi ser godt her, er at guten somme tider stivar av foten på fyrste taktslaget i ei takt, dvs. trør fram utan å bøye i kneet på det fyrste taktslaget.
Springaren og gangaren i Telemark er omlag same dansen, men springaren blir dansa til tredelt musikk og gangaren til likedelt musikk. Dei inneheld for det meste same tak og vendingar, og har begge tre hovuddelar vendingsdel, lausdans og dei fleste stader bygdedanssnu som samdansdel. Det er likevel vendingsdelen som dominerer i dansen. Lausdansen kjem ikkje så ofte, og samdansdelen står ofte ikkje tydeleg ut frå vendingsdelen. Springaren vi ser her har bygdedanssnu. I Tinn og i nedre Drangedal er bygdedanssnuen erstatta av runddanssnu. Springaren i Telemark vart ikkje dansa heilt likt frå stad til stad etter gammalt. Det kunne vera skilnader både i stil og lynne, i samdansmotiv og i oppbygging av dansen. Framleis kan ein sjå ein del av denne variasjonen, jamvel om han ikkje er så presist knytt til ulike bygder når vi ser bort frå Tinn som har si klårt definerte form. Den organiserte opplæringsverksemda i fylket var lenge mest prega av Midt- og Aust-Telemark. Dansarane her er frå Heddal, og kan representera måten springaren blir dansa på i denne delen av fylket. Det har vore gode og sterke bruksmiljø for dansen i Telemark, og både spel og dans har vore i god hevd opp gjennom alle år.
Om musikken
Denne slåtten har namnet etter spelmannen Ole Olsen Kolsrud (ca. 1827-1920) frå Heddal. Slåtten har fleire namn og finst i både Numedal, Hallingdal og i fleire telemarksbygder (Hardingfeleverket VII nr. 518). I Hallingdal kallar dei slåtten Grimsgarden eller Nitjan hundre og fem, eit namn han fekk av spelmannen Tor Grimsgard frå Nes i Hallingdal. Namnet Tømmerkjøraren er brukt i Numedal. I Telemark kallar dei helst slåtten Kolsruden eller Kolsrudspringaren. Den varianten vi høyrer her minner mest om Kjetil Løndal si form av slåtten (op. cit. nr. 518i). Det høyrer eit lite slåttestev til Kolsruden: “Lite kåt gut, lite lystig gut, lite jentegalen skjemmer ingen ut” (op. cit. s. 264). Felestillet er a-d-a-e.

Пікірлер
Noreg i dans og spel: 14. Telemark
6:27
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 1,6 М.
Noreg i dans og spel: 3. Oppland - Vågå
2:46
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 749
IS THIS REAL FOOD OR NOT?🤔 PIKACHU AND SONIC CONFUSE THE CAT! 😺🍫
00:41
100❤️
00:20
Nonomen ノノメン
Рет қаралды 65 МЛН
ДЕНЬ РОЖДЕНИЯ БАБУШКИ #shorts
00:19
Паша Осадчий
Рет қаралды 7 МЛН
小女孩把路人当成离世的妈妈,太感人了.#short #angel #clown
00:53
Rørospols - turar og visning
5:22
Leikarringen Frøy
Рет қаралды 2,5 М.
Sydisdans
6:30
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 1,8 М.
Landskappleiken 1994 - Per Anders Buen Garnås
7:13
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 645
Springar frå Nordfjord 1980 og 2008 (Familien Sølvberg i tre generasjoner)
2:07
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 1 М.
Setesdalsgangar 2
5:15
Agder folkemusikkarkiv
Рет қаралды 661
Romsdalsspringar 1974
2:23
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 473
Bygda dansar jubileum - Riksscenen 14. mai 2022
10:42
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 270
Ademim
3:50
Izbasar Kenesov - Topic
Рет қаралды 71 М.
Ернар Айдар - Шүкір [official MV]
5:00
Ernar Aidar
Рет қаралды 68 М.
BABYMONSTER - 'LIKE THAT' EXCLUSIVE PERFORMANCE VIDEO
2:58
BABYMONSTER
Рет қаралды 48 МЛН
Қайрат Нұртас - Қоймайсың бей 2024
2:20
Kairat Nurtas
Рет қаралды 1,5 МЛН
Қанат Ерлан - Сағынамын | Lyric Video
2:13
Қанат Ерлан
Рет қаралды 721 М.
Jaloliddin Ahmadaliyev - Yetar (Official Music Video)
8:28
NevoMusic
Рет қаралды 5 МЛН
Serik Ibragimov - Сен келдің (mood video) 2024
3:19
Serik Ibragimov
Рет қаралды 47 М.