Рет қаралды 511
2. Oppland - Valdres
Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994.
Håkon Asheim spelar hardingfele. Slått: Lyarlått ette Ukshøvden.
Om musikken
I Valdres har dei ein gamal og særmerkt tradisjon for lydarspel, og sjølv om det i andre område også finst lydarslåttar, står den store mengda av alderdomlege lydarlåttar på ei rad ulike felestille i ei særstilling i landet. Lyarlåttane står som eit tradisjonelt motstykkje til konsertprega musikk i andre sjangrar. I Valdres var det gjerne tinga to spelemenn til bryllaupa; ein til å spele lyarlåtta og ein til å sørgje for danselæte. I Valdres heiter det lått, ikkje slått; og spel heiter læte: Danselæte og lydarlæte. Mange av låttane blir spelte på både langeleik og hardingfele. Litteratur: Boka og CD-plata Lyarlåttene i Valdres. Valdres er òg det området i landet der langeleikspelet har vore i ubroten sterk tradisjon fram til våre dagar. Utanom Valdres er det berre i Vest-Oppland det finst ubroten speltradisjon.
Felestillet er nedstilt bas, g-d-a-e. Du høyrer korleis fela er stilt når spelemannen stryk over strengane før han tek til å spele. Denne låtten er etter øystreslidringen Ola Gulliksson Okshovd (1872-1960), til vanleg kalla Ukshøvden; låtten har namn etter spelemannen. I boka Femti år med folkemusikk skriv Rolf Myklebust at Okshovd hadde eit framifrå godt minne, og Haldor Røyne som var ein stor kjennar av valdres-spel fortalde i eit minneprogram at Okshovd hadde eit veldig drag i spelet og ein mektig levande rytme. Folkemusikkarkivet i NRK har 39 låttar innspelte mellom 1945 og 1947 med Ola Okshovd.